gjester

I forbindelse med bygningene sitt 100 årsjubileum gjengir vi her historien som Olga Tau Strand skrev ned i 1975.

 

"Pleieheimen vår"

Det er ikkje til å koma forbi at Pleieheimen lyt stå sentralt hjå oss som har han på garden. Og som har fylgt med i kva som har gått føre seg, utad i alle fall, i dei åra som er gått sidan det første huset vart bygt til dokterbolig i 1909. Tomta vart kjøpt for kr 375,- og Halvar og Hans Langeland bygde huset som kom på kr 6600,-. Dr. Lundby var den første doktoren som budde der, men der hadde tidlegare budd to doktorar i Strand. Kvar den første, dr. Sætre, budde, veit eg ikkje, men nr. to, dr. Eid, budde ovanpå i det gamle kommunehuset på Strand frå 1899  til 1907. Etter dr. Lundby kom dr. Vinje og budde i den nye doktorboligen til 1916.

Eg  har så vidt minne etter han. Det var en fåmælt, alvorleg mann. Han hadde ei husholderske som heitte Ingrid som seinare var kona hans. HO gjekk til oss etter mjølk. En første aprilkveld ho som vanleg hadde vore og kjøpt mjølk, gjekk ho ned til Vinje og sa at mor mi var så sjuk, om han ville sjå til henne. Og Vinje tok veska si og gjekk. Det var mor som tok i mote han, ”øvejidde” over å få doktoren på huset. Som før fortalt var Vinje en alvorleg mann. Han så ikkje noko morosamt i å verta narra rundt på gardane. Så Ingrid fekk visst lite gleda av spøken sin den dagen. Men ho og mor hadde mykje moro av det seinare.

Det var midt i første verdskrigen dr. Vinje flytte, og då der ikkje kom ny doktor, fekk Provianteringsrådet disponera huset. De hadde ei tid både kontor og lager der. Provianteringsrådet var første verdskrigen si Forsyningsnemnd, men fungerte ikkje heil likt. Provianteringsrådet kjøpte opp ymse slag varer, for gratis utdeling og for sal. Somt var nok panikk-kjøp, så ikkje alt var like vellukka. Eg har som et vagt minne om at betegnelsen ”Provianteringsdress” ikkje var særleg positivt. Der gjekk en alvorleg epidemi i dei åra, kalle ”spanskesykja”. Myndigheitene bestemte at alle skule få utdelt ei flaske konjakk gjennom Provianteringsrådet, til medisin. Ikkje alle gjorde bruk av denne medisinen, så somme fekk rikelig.

I 1921 var Provianteringsrådet avvikla. Men huset vart ikkje ståande unytta lenge.  Alt i 1920 vart det vedteke at huset skulle nyttast til gamleheim. De bygde på kvist og altanar, ominnreda litt og fekk i stand bad. Heile stasen kom på kr 5400,-. Namnet skule vera, og er framleis, Strand Pleieheim. I daglig tale ”Hjemme”. Der vart tilsett styrarinne og i gjenta. Meir betjening var der ikkje på mange år. Og der var ikkje lettstelt heller. Der var ikkje elektrisk ljos, der var vedomnar i alle rom og vedkomfyr på kjøkken. Der var utedo som mest ikkje var å få tømt ein gong, og de hadde mykje trøbbel med vatnet, var ofte vasslause.

Då dr. Hagemann kom til Strand og budde på Jørpeland, der dei då hadde bygt ny doktorbolig, hadde han kontordag kvar onsdag på Pleieheimen, på kvisten.

Midtstova nede, som og var dei gamle si daglegstova, vart nytta til venterom. Der vanka mykje folk, men det var til glede for dei som budde der. Dei eldste borna våre gjekk til dokter på eige initiativ, og fekk fine fetl. Dr. Hagemann var inga ”Ungaskrema”. Han var og gild for de gamle på ”Hjemme”.

Men ikkje alle dei gamle var sjuke og avfeldige. Mange var glade og treivst desom dei kunne vera til nytte. Eg hugsar mange av dei som har vore der fram gjennom åra. Eg har ikkje tenkt å rekna dei opp alle, og dei eg nemner kjem ikkje i noko slag orden eller rekkefølge.

Hjemmet kjøpte melka hjå oss til der vart butikksalg. Eg minnest Hidle-drengen og Tollag. De var trugne etter melka, men dei gjekk andre ærend og, hente posten og handla. Og så hogde dei ved og bar den inn, det var ikkje lite berre det. Hidle-drengen, eg veit ikkje anne namn på han, hadde vore dreng på Hidle i mange, mange år og misst sin identitet. Han var og vart Hidle-drengen. Smålåten vende han seg bort når han møtte nokon, og lite drøs var der i han. Tollag var ein annan type. Han var frå Flekkefjord-kanten og var kommen til Jørepland som anleggsarbeidar. Han var døvstum og hadde mistru til dei fleste, hadde nok ikkje hatt det så godt. Kunne og verta veldig sinna. Men så flink som han var til å arbeida! Han kom ofte og hjelpte oss i høyet, men gjekk Jakob frå hesjinga, gjekk Tollag og, for han hadde mistru til drengene. Ein gong han hadde vore eti ærend oppe hjå oss, ville han jaga or vegen ein liten stutapåse. Stuten vart sinna og stanga Tollag i grøfta. Men då fata sinnet Tollag, og han tok staven og jaga stuten føre seg nordover i utmarka. Langt på dagen kom der spurlag etter Tollag, han var ikkje kommen heim til middag. Der var tale om å gå på leiting. Men då kom Tollag, han var i perlehumør. Kor langt han hadde vore med stuten, er der ingen som veit.

Olina Ådnaneset var så svær til å vaska. Ho gjekk med filla, kost og bøtta heile dagane. Eg har ikkje sett noko så kvitskurt som vedkassane på ”Hjemme” i den tida. Olina hadde gleda av skuringa, det hadde vel vore ein del av arbeidet hennar som ho var glad for å få fortsetja med.

Sikke Strand spann og spøtte. Den gildaste gåva ho fekk var ein ”udladått”. Produktet gav ho bort, det var hennar største gleda. Desse to gamle, Olina og Sikke, to også oppvasken på kjøkken. Sikke, som var dårleg til beins, laut få sitja og vaska, medan Oline som var svinten, ordna opp elles. Det vart sikker ikkje forskriftsmessig oppvask, emn triveleg for dei to gamle som fekk vera til nytte. Og litt avlasting for ei overarbeidd jente.

Ingeborg Sambraut frå Bjørheimsbygd var på ”Hjemme” då dei eldste borna våre var små. Ho lengta sikkert og gjekk mykje att og fram i vegen. På hovudet hadde ho eit svart plagg som ho drog fram over panne til skugge for andletet. Ungane var livredde henne. Ho var sjølsagt slett ikkje farleg, men det var dette plagget. Ho minnte om heksa i eventyret.

Og så var det Tilla Langeland, som var fødd åndssvak og som fekk vera i lag med far sin så lenge han levde. Først i heimen deira og seinare på Pleieheimen. Tilla og både spøtte og gjekk ærend første tida ho var på ”Hjemme”. Ho var takksam og lett å gjera glad, men hadde og lett for å gråta.

Ein gong kvar sommar, i fleire år, kom Tore Kvamaneste med hest og trilla og tok dei friskaste av dei gamle med på køyretur. Det var ei hending som dei levde lenge på. Der var alltid eitkvart å sjå som var nytt for dei. Etter andre verdskrigen var ”Hjemme” ombygt og utvida. Der vart andre og større forhold og me har ikkje hatt same kontakten som før, korkje med betjening eller pasientar. Mangt er nok mykje betre nå enn før, men der var ein eigen kos der nede i gamle dagar.

 

Olga Tau Strand, 1975.